Jimmy Shand

From Wikipedia, the free encyclopedia

Jimmy Shand
Remove ads

James Shand MBE (28. januar 190823. desember 2000) var ein skotsk musikar som spelte tradisjonell skotsk dansemusikktrekkspel.[1] Han var kjend for signatursongen «The Bluebell Polka».

Kjappe fakta Fødd, Fødestad ...
Remove ads

Liv og karriere

James Shand var fødd i East Wemyss i Fife som son av ein pløyemann som blei kolgruvearbeidar. Han var ein av ni born.[1][2] Familien flytta snart til Auchtermuchty. Denne byen har no ein stor statue av Shand. Far hans var ein dyktig melodeon-spelar. Jimmy byrja spela munnspel, og byrja så å spela fele. Som 14-åring måtte han forlata skulen og byrja arbeida i gruva. Han spelte på sosiale tilstellingar og i tevlingar. Begeirstinga hans for motorsyklar blei til ein fordel då han kunne spela ved arrangement i heile Fife. I 1926 spelte han ved ein støttekonsert for streikande gruvararbeidarar, og etter dette fekk han ikkje arbeid i gruver meir. Ein dag var Shand og ein ven i Dundee og såg instrument i ein musikkbutikk. Shand gjekk inn og prøvespelte eit trekkspel. Eigaren, Charles Forbes, høyrde Shand spela og tilbaud han ein jobb som omreisande seljar og kredittinnkrevjar.[1] Han kjøpte seg snart ein varebil, og køyrde rundtom i Nord-Skotland. Han gjekk over til britisk kromatisk knappetrekkspel, eit instrument han heldt seg til resten av livet.

Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads