Jisr az-Zarqa
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Jisr az-Zarqa (arabisk جِسْر الزَّرْقَاء, hebraisk skrift גִ'סְּר א-זַּרְקָא, tyder «brua over den blå», ofte forkorta til Jisr) er ein israelsk-arabisk by i Israel, nord på Den israelske kystsletta. Han ligg like nord for Caesarea i Haifa distrikt, og fekk lokal kommune status i 1963. I følgje Israelsk statistisk sentralbyrå (CBS) hadde byen eit folketal på 11 100 mot slutten av 2005. Namnet Jisr az-Zarqa syner til Taninimelva, som på arabisk vert kalla Den blå elva.
Remove ads
Historie
Jisr az-Zarqa er den einaste attverande, arabiske byen i Israel som ligg ved kysten av Middelhavet. Før staten vart grunnlagd, var byen busett av beduinar frå Ghawarina-stamma.[1] Jødar frå nabobyane i Zikhron Ya'akov og Binyamina, som var avhengig av innbyggjarane i Jisr az-Zarqa som arbeidskraft på gardane, hindre at dei vart drivne bort i 1948.[2]
I november 2002 vart det bygd ein stor jordvoll langs ein 160 meter brei korridor mellom Jisr az-Zarqa og nabobyen Caesarea. Vollen vart bygd for å hindre støy frå muezzin i lokale moskear, geværskot under feiringar,[3] og for å redusere eigedomslovbrot i området. Innbyggjarane i Jisr az-Zarqa hevdar at nasjonalparken i nord, volleni sør, vegen i aust og havet i vest hindrar byen frå å kunne utvidast.
Remove ads
Demografi

Innbyggjarane i Jisr az-Zarqa er hovudsakleg muslimar..[4]
I 2006 hadde byen visstnok den lågaste gjennomsnittlege månadsløna i heile Israel.[5]
Ein lokal innbyggjar, Mariam Amash, søkte om eit nytt ID-kort i Hadera i februar 2008, ved hjelp av ein fødselsattest gjeve ut av Det osmanske riket i 1888. Dette vart stadfesta av Guinness rekordbok og gjorde ho då til den eldste levande personen i verda.[6][7] Ho døydde 22. desember 2012, 124 år gammal.[8]

Remove ads
Sjå òg
- Arabiske stader i Israel
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads