Joachim Frich

From Wikipedia, the free encyclopedia

Joachim Frich
Remove ads

Joachim Christian Geelmuyden Gyldenkrantz Frich (17. juli 181029. januar 1858) var ein norsk kunstmålar. Frich var ein kjend kunstnar i si samtid, mellom anna fordi han budde i Noreg (Kristiania). Han vert rekna som ein sentral kunstnar i den nasjonalromantiske stilen.

Thumb
Dragter fra Borgens Præstegjæld i Søndmør, 1845
Kjappe fakta
Remove ads

Liv og gjerning

Frich var frå Bergen, son av ein kjøpmann. Han var elev ved kunstakademiet i København, før han studerte vidare hos J. C. Dahl i Dresden og deretter i München. Frich var ein av dei fyrste kunstmålarane som valde å slå seg ned i Noreg.

Thumb
Trykk etter Joachim Frich sitt måleri Fra NorangfjordSunnmøre (1848).

Heilt frå unge år var han på ei rekke reiser i Noreg. Basert på skisser frå desse turane laga han ei mengd akvarellar av norske folkedrakter, desse danna grunnlaget for Aagot Noss si bok Joachim Frichs draktakvarellar (1973).

I seinare år vart Frich påverka av Düsseldorfskulen, noko som førte til ein gyllen grunntone i bileta og meir teatralske motiv. Han vart mest kjend for ein serie med seks målarstykke av norske landskap i lystslottet Oscarshall på Bygdøy i Oslo, måla i 1850, og kanskje særleg for dei mange illustrasjonane han laga til Christian Tønsbergs bøker Norge fremstillet i Tegninger (1846 og 1848).

Han døydde i Kristiania.

Remove ads

Bakgrunnsstoff

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Joachim Frich

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads