Joe Zawinul
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Josef Erich «Joe» Zawinul (7. juli 1932–11. september 2007) var ein austerriksk-amerikansk jazzpianist, keyboardspelar, komponist, bandleiar og arrangør.

Remove ads
Liv og karriere
Oppvekst
Zawinul var fødd i Wien som son av Josef Zawinul, ein maskinarbeidar ved gassverket i Wien, og Maria Hameder som var kokke hos ein rik jødisk familie. Farfaren var frå Sør-Mähren, mens farmora var ungarsk sintiza.[1] Mora var amatørsongar, spelte klaver og hadde absolutt gehør. Faren spelte munnspel på fritida,[2] løfta vekter og boksa, og boksing blei ei livslang interesse for sonen òg. Zawinul kom frå små kår men han var stolt av den fleirkulturelle familien sin, som han beskreiv som ein fellesskap av hardt arbeidande, smålåtne og venlege menneske.[3]
Zawinul fekk eit trekkspel i seksårsgåve og tok musikktimar. Snart kunne han spele tsjekkiske og slovenske viser, ungarske sinti-songar, polkaer og ländler. På grunn av det store talentet fekk han friplass på konservatoriet der han studerte klaver, fiolin og klarinett.
Moderne jazz
Tolv år gamal høyrde Zawinul «Honeysuckle Rose»; det var første gongen han høyrde jazzmusikk. Han sa at «det var kjærleik frå første takt»,[4] og som syttenåring braut han av studia i klassisk musikk og tok til med jazz.
Frå 1952 arbeidde han som jazzmusikar og spelte inn plater i ulike konstellasjonar med andre austerrikske musikarar. Han fekk stipend til å studere ved Berklee i Boston, og reiste i januar 1959 til Amerika med tog og båt. Meininga var at han berre skulle vere i USA i fire månader, men han ønskte sjølv å bli verande.[5] Snart vann han seg eit ry som ein god sideman og fekk ei lang rekke engasjement som gjorde at han snøgt vidareutvikla seg. Han ledsaga Ella Fitzgerald,[6] og da han blei hyra som pianist i Maynard Ferguson Band, braut han av studia i Boston. Zawinul fann seg fort til rette i det afroamerikanske musikarmiljøet. Dinah Washington engasjert han som pianist og Miles Davis blei oppmerksam på han og inviterte han til å spele i bandet hans. Zawinul avslo invitasjonen sidan han meinte at tida ikkje var inne enno[7] – og la til at når han ein gong aksepterte, ville dei begge skrive musikkhistorie.
Verda blei først merksam på Zawinul da han i tida 1961 til 1970 samarbeidde med saksofonisten Cannonball Adderley. Zawinul snakka alltid vørdeleg om læremeisteren sin, som han heldt for å vere den mest undervurderte musikaren på 1900-talet.[8] Han komponerte nesten seksti låtar for Adderley sitt band, blant andre den første store hiten sin, «Mercy, Mercy, Mercy» (1966)
Elektrisk jazz

Jazzhistorikarar reknar samarbeidet mellom Zawinul og Miles Davis i åra 1969 og 1970 som ein avgjerande fase i utviklinga av den elektriske jazzen, det som òg blir kalla jazzrock eller fusion,[9] ein nyskapande musikksjanger som kombinerer jazz med element frå rock og world music. Det banebrytande albumet var In a Silent Way (1969). Zawinul komponerte tittellåta,[7] men Davis endra eit par akkordar og førte det opp under sitt eige namn.[10] Albumet Bitches Brew (1970) fortsette der forgjengaren slapp og utvida rommet musikarane hadde til fri improvisasjon.
I november 1970 danna Zawinul, saksofonisten Wayne Shorter og bassisten Miroslav Vitouš den legendariske jazz-rock-gruppa Weather Report. Bruken av perkusjon i tillegg til slagverk gav høve til større dynamikk og kompleks polyrytmikk. Zawinul gjorde seg fri frå det gamle 32-taktsystemet, braut med det tradisjonelle tema-solo-tema-skjemaet og innførte nye former. I 1976 overtok Jaco Pastorius som bassist, og perioden med han som bassist blir rekna til gruppa si beste tid.[11] Pastorius slutta i Weather Report i 1982. Zawinul komponerte nokre av gruppa sine største kommersielle suksessar, som til dømes «Birdland».
Seinare danna Zawinul den world fusion music-orienterte Zawinul Syndicate. Han var òg ein pioner i bruken av elektrisk piano og synthesizer og lesarane av jazzmagasinet Down Beat kåra Zawinul til Best Electric Keyboardist heile 28 gonger.[12]
Zawinul var alltid på leiting etter nye utfordringar og tok på seg temmeleg ulike oppgåver dei to siste tiåret av livet. I 1993 førte han opp sin første symfoni, Donaugeschichten («Donausoger»), for 80 000 tilskodarar ved den årlege friluftførestillinga under Brucknerfest i Linz, komplett med lys- og lasershow.
Joe Zawinul døydde av ein kreftsjukdom 11. september 2007.
Remove ads
Ettermæle
Etter mange musikarar og kritikarar si meining er Zawinul den einaste europeiske musikaren som over lengre tid har makta å sette preget sitt på ei av hovudstraumdraga i jazzen.[13][14] I januarnummeret 2001 av musikkmagasinet Down Beat skreiv Josef Woodard at Weather Report, som Zawinul leia saman med saksofonisten Wayne Shorter, var det mest framståande jazzbandet dei siste 30 åra av 1900-talet.[15] I ein lengre nekrolog i det austerrikske tidsskriftet jazzzeit skreiv forfattaren Robert Fischer at Zawinul var ein «musikalsk tungvektar» og avslutta med at «det som står att, er ei overveldande, i alle sine ulike fasettar utruleg inspirerande verkliste, som er ei stendig kjelde til nye oppdagingar.»[16][17]
Remove ads
Diskografi (utval)
- Mercy, Mercy, Mercy (med Cannonball Adderley, 1966)
- In A Silent Way (med Miles Davis, 1969)
- Bitches Brew (med Miles Davis, 1969)
- Zawinul (1971)
- Dialects (1986)
- Lost Tribes (1992)
- My People (1996)
- World Tour (1998)
- Faces & Places (2002)
- Vienna Nights I Live at Joe Zawinul's Birdland (2005)
- Music For Two Pianos (med Friedrich Gulda, 2006)
- Brown Street (2006)
Referansar
Litteratur
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads