Johan Harstad

norsk forfattar From Wikipedia, the free encyclopedia

Johan Harstad
Remove ads

Johan Harstad (fødd 10. februar 1979) er ein norsk forfattar. Harstad voks opp i Stavanger. Han bur i Oslo.

Kjappe fakta

Johan Harstad debuterte i 2001 med kortprosasamlinga Herfra blir du bare eldre, og gav året etter ut med novellesamlinga Ambulanse. Første romanen hans, Buzz Aldrin, hvor ble det av deg i alt mylderet?, kom ut i 2005 og blei omsett til ei rekkje språk.[1]

Harstad har også hatt tekstar på trykk i Gyldendal sin debutantantologi Postboks 6860. Han har òg skrive fleire teaterstykke, mellom anna monodramaet «Grader av hvitt» (bestillingsverk frå musikar Nils Henrik Asheim og Stavanger symfoniorkester) som hadde premiere januar 2007 og einakteren «Washingtin» (bestillingsverk for Trøndelag Teater) som hadde urpremiere i februar 2007.

Når Harstad ikkje skriv, arbeider han mellom anna med prosjektet/kollektivet LACKTR, som produserer grafisk formgjeving, lyd, film, foto, t-skjorter og tekst som ikkje vert utgjeve via Gyldendal Norsk forlag. LACKTR stod mellom anna bak cd-utgjevinga Bring out your life vests» i 2005, som fylgde med dei 1000 første eksemplara av romanen Buzz Aldrin, hvor ble det av deg i alt mylderet?. I tillegg kan nemnast PradaDADA, eit tekst/lydprosjekt drive av Harstad, John Erik Riley, Bjørn Erik Haugen og Lasse Marhaug. Dei hadde den første konserten sin under kammermusikkfestivalen i Trondheim 2005.

Remove ads

Verkliste

  • Herfra blir du bare eldre prosa 2001
  • Ambulanse novellesamling 2002
  • Buzz Aldrin, hvor ble det av deg i alt mylderet? roman 2005
  • Hässelby roman 2007
  • Darlah roman 2008
  • Bsider prosa og skodespel 2008
  • Osv. skodespel 2010

Skodespel

  • Grader av hvitt 2007
  • Washingtin 2007
  • Krasnoyarsk 2008
  • Brødmannens memoarer del 1: Akapulco 2007
  • Brødmannens memoarer del 2: Ellis Iland 2009
  • Osv. 2010
  • Motorpsycho: Blizzard 2012
Remove ads

Prisar og utmerkingar

Fotnotar

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads