Johan Krohn
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Johan Jacob Krohn (9. august 1841–6. januar 1925) var ein dansk skolemann og diktar.
Krohn var son av bilethoggaren F.C. Krohn og Sophie Susanne Købke. Han vart cand. theol. i 1867.[1]
Johan Krohn skreiv ein del barneforteljingar som kom ut i slutten av 1800-talet og byrjinga av 1900-talet i fleire band med fellestittelen Fortællinger for Børn. Han er likevel best kjend for barneboka Peters Jul, som mellom anna inneheld julesongen «Du grønne, dejlige Træ» (nynorsk «Du grøne, glitrande tre»). Boka kom opphavleg ut anonymt i 1866, men er seinare trykt opp att ei rekkje gonger, nokre med illustrasjonar av broren Pietro Krohn og venen Otto Haslund, og andre illustrerte av ulike kunstnarar som Herluf Jensenius og Mads Stage (2002). Johan Krohn redigerede også barnebla, mellom anna det utbreidde Børnenes Juleroser.
Frå 1880 til 1914 var han leiar av ein privat guteskule i København.[1]
Remove ads
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads