Johan Ludwig Mowinckel

norsk politikar From Wikipedia, the free encyclopedia

Johan Ludwig Mowinckel
Remove ads

Johan Ludwig Mowinckel (22. oktober 187030. september 1943) var skipsreiar og ein leiande politikar i Noreg. Han hadde fleire ministerpostar, og leidde tre regjeringar. Som politikar representerte han partiet Venstre.

Kjappe fakta Fødd, Død ...
Remove ads

Liv

Johan Ludwig Mowinckel var fødd i Bergen. Han studerte språk og handel i Tyskland, England og Frankrike. I 1898 kjøpte han sitt fyrste skip og starta eit stort shipping-selskap, J. Ludwig Mowinckels Rederi, med hovudkvarter i Bergen. Mowinckel vart leiar for Bergens Venstreforening og vald til bystyret i 1899.

Politikk

Mowinckel var statsminister i Noreg i tre periodar: frå 1924 til 1926, frå 1928 til 1931 og frå 1933 til 1935. Frå 1927 var han òg formann i Norges Venstrelag. Han var handelsminister (1921-1922), utanriksminister (1922-1923) og stortingspresident (1916-1918).

Ettersom Mowinckel ikkje var medlem av den norske statskyrkja, kunne han ikkje bli regjeringsmedlem ifølgje grunnlova. Den såkalla «Lex Mowinckel» av 15. mai 1919 endra dette.

Remove ads

Andre verv

Johan Ludwig Mowinckel var medlem av Den Norske Nobelkomiteen frå 1925 til 1936.

Frå 1942 fekk han ei leiande stilling ved Nortraship og reiste til New York, der han døydde året etter.

Sjå òg

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads