Abraham Berge
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Abraham Theodor Berge, (20. august 1851–10. juli 1936) var ein norsk politikar frå Lyngdal i noverande Vest-Agder fylke. Han var statsminister i Noreg frå 30. mai 1923 til 25. juli 1924. Berge representerte Frisindede Venstre og var ein av stiftarane av partiet. Tidlegare statsminister Otto Bahr Halvorsen døydde etter berre to månadar i statsministerstolen i si andre regjering. Regjeringa Halvorsen gjekk av 29. mai 1923. Berge gjekk inn for å fjerna alkoholforbodet, noko som gav den nye regjeringa problem. Stortingsfleirtalet kravde ny folkerøysting om alkoholforbod, og regjeringa fall.
Remove ads
Riksrett
Abraham Berge og seks av statsrådane hans vart i 1926 utsett for riksrettstiltale. Regjeringa Berge hadde gjort løyvingar utan å informera Stortinget. Saka var frå 1923 og løyvingane var gjort for å stø opp om Handelsbanken. Berge og statsrådane vart frikjende. Eit mindretal røysta mot frikjenning. Vurderinga ved frikjenninga gjekk på at regjeringa hadde handla i beste meining.
Sjå òg
Kjelder
- Dødsdato frå NBL-artikkel om Berge, skriven av Sven Carstens.
- Biografisk informasjon om Abraham Berge NSD Norsk senter for forskningsdatas politikararkiv
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads