Johanna
kvinnenamn From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Johanna og Johanne er kvinnenamn danna som ei hokjønnsform av det greske namnet Johannes, som tyder 'Gud er nådig'.

Kortformer av namnet i norsk er Hanna, Hanne, Janna og Janne. Jankva (slavisk), Joan, Jane (engelsk) og Jeanne (fransk) er døme på andre former av namnet.
Namnet har vore mykje brukt i Noreg, men fall i popularitet ut over 1900-talet. Dei siste tjue åra har populariteten til namnet stige.
Nordmenn som oppgav Johan(n)a eller Johanne som fornamn i folketeljingane:
- 1801: Ca. 9 800
- 1900: Ca. 32 200
Bruken i dag:
- 2007: Ca. 1950 hadde Johanna til første fornamn
- 2007: Ca. 4760 hadde Johanne til første fornamn
Johanna som bibelsk namn
- Johanna, ei av kvinnene som fylgde Jesus, og som sidan vart blant dei første til å vitne om at han va stått opp or grava (Evangeliet etter Lukas, 8.3 og 24.10)
Kjende namneberarar

- Jeanne d'Arc (1412-1431) eller Johanna frå Orléans, fransk fridomshelt og helgen
- Johanna Schwartz, norsk forfattar
- Johanna av Castilla (1479-1555), spansk dronning, kjend i historia som Johanna den vanvittige grunna ei sinnsliding.
Kjelder
- Søk etter norsk namnestatistikk for Johanne hjå Statistisk Sentralbyrå
- Folketeljingar i Digitalarkivet
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads