Johannes Flintoe
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Johannes Flintoe (1787–27. januar 1870) var ein dansk-norsk kunstmålar.

Remove ads
Liv og virke
Flintoe var fødd i København. Faren var norsk og mora dansk. Han fekk plass ved byens kunstakademi i 1802, utdanna seg etter kvart til dekorasjonsmålar. I 1807-08 deltok han som soldat i krigen, noko som førte til at han seinare sleit med revmatisme.
Av helseomsyn flytta han i 1811 til Kristiania i Noreg. Der var han teatermålar, laga landskapsdekorasjonar, måla portrett og teikna møblar.
Men han er best kjend for sine måleri av norsk høgfjellsnatur. Gouache-måleri av fossar og fjell, naivt framstilt i skarpe fargar kjenneteiknar målarkunsten hans. Han teikna elles levande skildringar frå sine fire lange reiser til indre delar av Sør-Noreg (og ei til Trøndelag) i perioden 1819 til 1825. Verket Scener af reiselivet i Norge vart utgitt 1838-40 med tekst av Mauritz Hansen. Gjennom undervisning på teikneskulen i Kristiania vart Flintoe ein føregangsmann i norsk landskapsmåling.
Flintoe var nærast ein utførleg handverkar i beste empire-tradisjon.
Flintoe flytta i 1851 tilbake til København og døydde der.
Remove ads
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Johannes Flintoe» frå Wikipedia på bokmål, den 15. september 2009.
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads