John Kerry
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
John Forbes Kerry (fødd 11. desember 1943) er ein amerikansk politikar som var senator for Massachusetts frå 1985 til 2013. Han vart etter primærvala i Sambandsstatane (USA) demokratane sin kandidat til presidentvalet i 2004, men tapte mot den sitjande presidenten George Walker Bush.
Kerry studerte ved Yale-universitetet frå 1962 til 1964. Seinare deltok han i Vietnamkrigen, som han seinare vart ein framskoten motstandar av.
John Kerry sin familie på farssida utvandra frå Sudetenland i Bøhmen i Austerrike-Ungarn (nåverande Tsjekkia). Kerry er ein truande katolikk.
Han er gift med Teresa Heinz Kerry.
Remove ads
Bakgrunnsstoff

Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads