Vietnamkrigen
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Vietnamkrigen er ei nemning på krigshandlingar i Vietnam frå 1956 eller 1959;[5][6] Nokre av handlingane i den krigen, skjedde i Laos og Kambodsja. Sør-Vietnam vart erobra av Nord-Vietnam i 1975, og krigen vart slutt.
Denne artikkelen treng referansar for verifikasjon. |
Nasjonar som tok soldater til Vietnam for å støtta Sør-Vietnam, var Sambandsstatane (USA), Sør-Korea, Thailand, Filippinane, New Zealand, Australia, Taiwan og Noreg (som uoffisielt bidrog med tenestemenn fra sine væpna styrkar[1][2][7].
Kina, Sovjetunionen og Nord-Korea gav militær støtte til Nord-Vietnam.
Talet på drepne i Vietnamkrigen er omstridd. Dei sivile tapa er ofte anslått for å vere mellom 1 og 2 millionar i Vietnam og mellom 320 000 og 950 000 i Kambodsja og Laos. Borgarkrigen i Laos var i gang før Vietnamkrigen; under delar av borgarkrigstida der - fans òg ein stedfortreder-krig i Laos (blant anna mellom Vietnam og USA), som er rekna som ein del av Vietnamkrigen. Nokre kjelder skriv at Vietnamkrigen spreidde seg til Kambodsja.
Remove ads
Namna

I Vietnam er krigen kjend som den amerikanske krigen, motstandskrigen mot amerikanarane (vietnamesisk: Kháng chiến chống Mỹ), den amerikanske krigen, eller Vietnam-krigen (Chiến tranh Việt Nam), eller Chiến Tranh Chống Mỹ Cứu Nước.
Delar av Borgarkrigen i Laos er rekna som ein del av Vietnamkrigen.
Bakgrunn
Vietnamkrigen hadde bakgrunn i den såkalla Indokinakrigen frå 1946 til 1954. Ho Chi Minh erklærte landet sjølvstendig frå Frankrike den 2. september 1945, men frigjeringskampane pågjekk fram til 1954. Vietnam fekk sjølvstende, men vart delt langs den 17. breiddegraden.
Fredsforhandlingane gjekk føre seg i Geneve. I fylgje Geneve-avtala skulle det haldast fritt val innan to år. I samband med valet var det tenkt at landet skulle sameinast. Det vart rekna med at Ho Chi Minh og rørsla Viet Minh ville vinna eit slikt val. USA støtta opprusting av ein sør-vietnamesisk hær som skulle kunna ta herredømet i landet med makt. I 1959 oppretta den sør-vietnamesiske presidenten Ngo Dinh Diem ein komité som etter deira syn skulle syrgja for å frigjera Nord-Vietnam. For USA var det viktig under den kalde krigen å hindra at eit strategisk land i Asia vart kommunistisk og allierte seg med Sovjetunionen.
Nord-Vietnam vart kommunistisk styrt under leiing av Ho Chi Minh. Sør-Vietnam orienterte seg mot USA. Ngo Dinh Diem vart i sør president for Republikken Vietnam i oktober 1955. Regimet i sør var ført upopulært på grunn av mellom anna korrupsjon. Diem svara på protestane med terror. Tusental menneske vart drepne eller fengsla. Som ein reaksjon på utviklinga i sør vart privat eigedom konfiskert i nord. Ein byråkratisk styrt kommandoøkonomi vart oppretta. Nord-Vietnam stødde etter kvart opp om å oppretta ein nasjonal frigjeringsfront i sør. Frigjeringsfronten vart kalla FNL etter forkortinga av namnet på fransk språk(Front National de Liberation).
USA sende militære rådgjevarar som skulle hjelpa Sør-Vietnam. Rådgjevarane vart etter kvart mange, og dei vart med i kampar mot geriljastyrkar. Mot slutten av 1961 fanst det 1 500 amerikanske soldatar i Vietnam, eitt år seinare nær 10 000. I 1963 vart Diem avsett, men regimet i sør vart stendig svakare.
- Borgarkrig i Laos (frå 1953)
Borgarkrigen i Laos starta den 9. november 1953 (og nokre reknar dette som starten på den andre indokinesiske krig). Borgarkrigan vart (etterkvart) ein del av Vietnamkrigen; væpna styrker frå utlandet kjempa i Laos, til dels i ein stedfortrederkrig.
Remove ads
Historie
Kva tid krigen starta, er omstridd. Hendingar nemnde som starten, er
- desember 1956, då tyresmaktene i Nord-Vietnam autoriserte at Viet Cong-styrkar i Sør-Vietnam kunne gjere opprør mot styresmaktene i sør.[5]
- 26. september 1959, då det fyrste slaget mellom Viet Cong og hæren til Sør-Vietnam fann stad.[6]
I 1964 vart krigshandlingane trappa kraftig opp. Den 4. august 1964 skal nokre torpedobåtar frå Nord-Vietnam ha gått til åtak på amerikanske krigsfartøy i internasjonalt farvatn. I fylgje USA fann åtaket stad i Tonkinbukta. Den amerikanske kongressen godkjende 7. august den såkalla Tonkinresolusjonen. Som følgje av vedtaket, fekk presidenten fullmakt til å gjera dei tiltaka han fann naudsynte. President Johnson lét Nord-Vietnam verta bomba, og andre krigshandlingar vart trappa opp.

USA vart etter kvart med i ein utmattings- og geriljakrig mot den nord-vietnamesiske hæren. I tillegg kom den sør-vietnamesiske geriljarørsla til FNL, av motstandarane kalla Viet Cong (Viet Nam Cong San, «vietnamesiske kommunistar»).
I byrjinga av 1968 var det nær ein halv million amerikanske soldatar i Vietnam. I tillegg kom meir enn 600 000 mann i hæren til Sør-Vietnam og fleire tusen soldatar frå Sør-Korea, Thailand, Australia og Filippinane. Massive bombetokt vart nytta for å utsletta fienden. I tillegg nytta ein stoff som napalm[8] og andre kjemiske stoff, som Agent Orange, for å fjerna lauv i skogsområde.[9]
Skogane og landsbygda var område som for ein stor del var kontrollert av geriljaen. Trass i stort teknologisk overtak klarte ikkje USA å setja geriljaen ut av spel. Nord-Vietnam og geriljaen klarte ved fleire høve å slå attende og organiserte mot-offensivar. Det synte seg at styresmaktene i sør i røynda hadde liten stønad i folket.
Etter som dei amerikanske tapa voks, vart antikrigsrørsla i USA sterkare. Dei amerikanske presidentane fekk eit stendig sterkare press mot seg med krav om å få ein slutt på krigen.
Etter våpenkvile-avtala (i 1973)
I byrjinga av 1973, etter fleire år med forhandling, gjekk USA til slutt med på ei avtale om våpenkvile. Nokre månader etterpå reiste dei fleste amerikanske soldatane. Våpenkvila braut snart saman og krigen i Sør-Vietnam tok til att. Kampmoralen til Sør-Vietnam sine styrkar og styresmakter synte seg å vera låg.
Tidleg i 1975 invaderte styrkar frå nord. Dei vann snøgt kontroll over heile Sør-Vietnam. Hovudstaden Saigon vart teken den 30. april 1975. Nord-Vietnam sameina både nord og sør den 2. juli 1976 i den sosialistiske republikken Vietnam. Saigon fekk endra namn til Ho Chi Minh-byen til ære for den tidlegare presidenten i Nord-Vietnam.
Remove ads
Land som kriga
Remove ads
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads