Joker Out
slovensk band From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Joker Out er ei slovensk gutegruppe innan poprock-sjangaren. Ho blei danna i 2016 og har sidan blitt eit av dei mest populære banda i Slovenia og har mottatt fleire musikkprisar for årets nykommarar og årets utøvarar. Gruppa representerte Slovenia i Eurovision Song Contest 2023 med låten «Carpe Diem».[1]
Bakgrunn
Joker Out blei danna i mai 2016, etter oppløysinga av bandet Apokalipsa, der Bojan Cvjetićanin, Martin Jurkovič, Matic Kovačič og Luka Škerlep spelte. Tre av Apokalipsa-medlemmane – Cvjetićanin, Jurkovič og Kovačič – gjekk saman om å danne eit nytt band og fekk med seg Kris Guštin og Jan Peteh frå gruppa Bouržuazija. Dei kalla det nye bandet Joker Out.[2]
Kort tid etter hadde Joker Out si fyrste offentlege framsyning, på Festival na gaj, og i november same år slapp dei sin fyrste singel, «Kot srce ki kri poganja», som dei også spelte inn sin fyrste video til. Dei påfølgjande åra turnerte bandet på ulike festivalar og spelte konserter over heile Slovenia.
Etter åtte månaders pause kom oppfølgjarsingelen «Gola» i september 2019, og sidan følgde ytterlegare tre singlar fram til sommaren 2021.[3]
Endringar i gruppa
Jure Maček erstatta trommeslagaren Matic Kovačič i 2021, og i oktober 2022 forlet bassist Martin Jurkovič bandet på grunn av studium i utlandet. Gruppa fortsette som kvartett, men har sidan knytta til seg Nace Jordan som bassist under konsertar og framsyningar.[4]
Eurovision Song Contest
Sidan 2020 har Joker Out utvikla seg til å bli eit av dei mest populære banda i Slovenia. Dei har vunne to Gullfløyter, ein årleg slovensk musikkpris, for «årets nykommarar» i 2020 og «årets utøvarar» i 2021.[5] I desember kunngjorde den slovenske ålmennkringkastaren RTVSLO at Joker Out skulle representere landet i Eurovision Song Contest 2023 i Liverpool. Det deltok med låten «Carpe Diem» og enda på 21. plass i finalen.[1][6]
Remove ads
Medlemmar
Noverande medlemmar
Tidlegare medlemmar
Referansar
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads