Jon Raude

norsk biskop From Wikipedia, the free encyclopedia

Jon Raude
Remove ads

Jon Raude var erkebiskop i Nidaros frå 1267 til 1282. Han låg i strid med kong Magnus Lagabøter om kva som skulle ligge under verdsleg rett og kva som skulle ligge under kristenretten.

Kjappe fakta

I 1273 var det inngått ei sættargjerd eller avtale mellom kongen og biskopen. Denne gav kyrkja større innverknad på kongevalet, spesielt om det ikkje fanst ein rettmessig arving. I så fall skulle erkebiskopen avgje den første og viktigaste stemmen. I 1274 godtok paven denne avtalen dersom det vart lagt til tre nye paragrafar.Den endelege avtalen vart vedtatt i Tønsberg i 1277.[1]

Usemja mellom kongsmakta og kyrkja tok ikkje slutt med dette. Etter Magnus sin død i 1280 ville ikkje formyndarstyret til Eirik II Magnusson godta sættargjerda. Jon Raude svarte med å lyse dei i bann. Det hjelpte ikkje og i 1282 vart han dømt i utlegd og døyde i Skara i Sverige i 1282.[2]

Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads