Jon Reinertsen
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Jon Reinertsen (fødd 23. mars 1946) er ein norsk tidlegare handballspelar frå Oslo. Han vann fem kongepokalar og tre seriemeisterskap som Fredensborg-utøvar. Reinertsen var rykkromspelar.
Remove ads
Karriere
Klubbspel
Reinertsen var aktiv i Fredensborg frå 1963 til 1977. Med laget frå Oslo vann han fem kongepokalar, den fyrste i 1965 og den siste i 1974. Sesongen 1965/66 var han ein av dei sentrale spelarane då Fredensborg vann 1. divisjon og vart Noregs fyrste seriemeister i handball. Laget sikra seg 19 av 24 moglege poeng. Året etter forsvarte Fredensborg fyrsteplassen i 1. divisjon på suverent vis, då i ei turnering med 10 lag mot 8 året før. Åtte år seinare, sesongen 1974/75, vart Reinertsen norsk seriemeister for tredje gong. Deretter var han frå 1977 spelande trenar for Kragerø IF fram til 1982. 1982/-83-sesongen spelte han på Fredensborg/Ski att, før han atter tok turen til Kragerø IF. Frå 1985 til -87 var han spelande trenar for andredivisjonslaget Stabæk IF.
Landslagsspel
Reinertsen debuterte borte mot Danmark den 7. november 1964, ein kamp som enda med tap 12-14. Under Sommar-OL 1972 var han del av det norske mannskapet som kom på niandeplassen i handballturneringa. Fram til 6. mars 1976 deltok han i 113 landskampar og skåra 250 mål.
Merittar
- Seriemeister: 1966, 1967 og 1975 med Fredensborg
- Noregsmeister: 1965, 1966, 1970, 1972 og 1974 med Fredensborg
Remove ads
Kjelder
- handball.no
- Denne artikkelen bygger på «Jon Reinertsen» frå Wikipedia på engelsk, den 4. mai 2025.
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads