Jon & Vangelis

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Jon and Vangelis er eit samarbeidsprosjekt mellom songaren Jon Anderson (tidlegare frontmann i progrockbandet Yes) og den greske synthesizer-musikaren Vangelis Papathanassiou. I lag gav dei ut fleire populære album i 1980-åra.

Kjappe fakta Opphav, Aktiv ...
Remove ads

Historie

I 1974 vart Vangelis vurdert som ein erstattar for Rick Wakeman som klaverspelar i Yes, men jobben gjekk til Patrick Moraz då Vangelis var lunken til å starte i bandet. Han vart under prøvespelinga kjend med Anderson, og han song på Vangelis sitt Heaven and Hell (1975), spelte harpeOpera Sauvage (1979), og song igjen på See You Later i 1980.

Anderson slutta i Yes mellom 1980 og 1983, og i denne tida starta samarbeidet med Vangelis for fullt. Dei to spelte inn fleire album i lag mellom 1979 og 1991, og fleire hittar som «I Hear You Now» (UK nr. 8), «I'll Find My Way Home» (UK nr. 6)[1] og «The Friends of Mr Cairo» (Canada nr. 1). Anderson skreiv tekstane, medan Vangelis komponerte musikken.

I 1986 gjorde Jon & Vangelis fleire forsøk på å lage eit nytt album, men mykje av dette vart ikkje offisielt gjeve ut under namnet Jon and Vangelis. Tolv songar vart sett saman i 1991 til Page of Life, medan andre songar frå desse innspelingane kom ut seinare, som «Let's Pretend», som er den siste songen på albumet Anderson Bruford Wakeman Howe i 1989. Anderson omarbeidde sjølv Page of Life, som kom ut i 1998 i USA med ni spor. Vangelis godkjende ikkje dette og det er sagt å vere årsaka til at dei ikkje samarbeidde meir.[2] «Sing With Your Eyes» kom ut i 1991 som B-sida til CD-singelen «Wisdom Chain» / «Page of Life».[3] I 2011 møtte Anderson Vangelis for å diskutere eit nytt samarbeid, men fekk ikkje noko svar.[4]

Remove ads

Diskografi

Album

Samlealbum

Singlar

  • «I Hear You Now» / «Thunder» (1979)
  • «One More Time» / «The Road» (USA 1980)
  • «The Friends of Mr Cairo (edit)» / «Beside» (1981)
  • «State of Independence (edit)» / «Beside» (1981)
  • «I'll Find My Way Home» / «Back to School (edit)» (Europa/UK 1981)
  • «I'll Find My Way Home» / «I Hear You Now» (USA 1982)
  • «He is Sailing (edit)» / «Polonaise» (1983)
  • «He is Sailing» / «Polonaise / «Song is» (1983)
  • «And when the night comes» / «Song is» (UK 1983)
  • «State of Independence» / «The Friends of Mr Cairo» (1984)
  • «Wisdom Chain (edit)» / «Page of Life» / «Sing with Your Eyes» (1991)
Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads