Jondal-Tørvikbygd
ferjesamband i Vestland From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
60°17′16″N 6°12′26″E Jondal-Tørvikbygd er eit ferjesamband på riksveg 550 over Ytre Samlafjorden mellom kommunesenteret Jondal i Jondal og Tørvikbygd i Kvam herad i Ytre Hardanger. Strekninga vert betjent av Norled med opptil 16 daglege avgangar med MF «Bømlo». Overfarten tar om lag 20 minutt.
Ferjesambandet starta opp i 1972 som ei sommarrute, før det i 1973 vart eit fast samband. Den første ferja i ruta var MF «Hatvik». Før det vart vegsamband mellom Jondal og Torsnes, gjekk ferja òg nokre gonger om dagen innom Torsnes. Sidan det ikkje var ferjelem her, så måtte ombord- og ilandkøyring skje ved hjelp av slisker.
Remove ads
Ferjer
- MF «Hatvik»: 1972 og 1973
- MF «Huglo»: 1973
- MF «Rosendal»: 1973; 1974 - ?
- MF «Strandebarm»: 1980-åra
- MF «Jondal»: 1996-2006
- MF «Bømlo»: 2008 (vinteren), januar 2011 -
- MF «Ølen»: 2007 - desember 2010
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads