Jos

From Wikipedia, the free encyclopedia

Josmap

Jos, populært kalla J-town, er ein by i Nigeria med om lag 900 000 innbyggjarar (2006). Han er administrativ hovudstad i delstaten Plateau og ligg på Josplatået, 1238 meter over havet.

Kjappe fakta Land, Fylke ...
Jos
by
Thumb
Land  Nigeria
Fylke Plateau State
Høgd 1 217 m
Folketal 873 943  (2006[1])
Thumb
Jos
9.9333333333333°N 8.8833333333333°E / 9.9333333333333; 8.8833333333333
Thumb
Kart som viser Jos.
Kart som viser Jos.
Wikimedia Commons: Jos
Lukk

Byen ligg nesten midt i Nigeria, rundt 179 km frå hovudstaden Abuja. Med ei høgd på 1217 moh. har Jos eit meir temperert klima enn mange andre stader i Nigeria. Den månadlege middeltemperaturen ligg typisk mellom 21 og 25 °C. Om vinteren, frå midten av november til januar, kan minimumtemperaturen om natta gå ned til 11 °C.

Jos har veg- og luftsamband med resten av landet, med Yakubu Gowon lufthamn som lokal flyplass. Byen har også ein jernbanestasjon, men ikkje jernbanesamband fordi det nigerianske jernbanenettverket i dag berre går mellom Lagos og Kano.

Universitetet i Jos blei grunnlagd i 1975. Nigerian College of Accountancy, som hadde over 3 000 studentar i 2011, ligg i Dogon-Dutse-delen av byen.[2] Jos University Teaching Hospital (JUTH) og ECWA Evangel Hospital er to av fleire sjukehus i Jos.

Under det britiske kolonistyret var byen eit viktig senter for utvinning av tinn. I 2001, 2008, 2010 og 2011 blei byen ramma av valdelege opptøyar mellom muslimske og kristne befolkningsgrupper i byen. I 2014 blei Jos råka av eit bombeåtak som drap minst 118 menneske på ein marknadsplass og ein busstasjon. Ingen tok på seg skulda, men mange rekna med at Boko Haram stod bak åtaket.[3]

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.