José Luíz Barbosa
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
José Luíz Barbosa (fødd 27. mai 1961) er ein brasiliansk tidlegare mellomdistanseløpar som spesialiserte seg på 800 meter. Han vann bronsemedaljen i VM 1987 og sølvmedaljen i VM 1991.
Remove ads
Aktiv
Barbosa deltok åra 1983-97 på 800 meter i alle seks verdsmeisterskapane og alle fire sommarleikane i perioden. Frå 1987 til 92 høyrde han til den absolutte verdstoppen på distansen. Han vann 800 meter ved innandørs-VM 1987 i Indianapolis på 1.47,49. Under verdsmeisterskapen same året i Roma kom han på tredjeplass, 0,70 sekund bak vinnaren, Kenyas Billy Konchellah. Året etter vart Barbosa sjettemann i OL-finalen i Seoul.
I verdsmeisterskapen 1991 i Tokyo sprang Barbosa inn til sølv, slått med 0,35 sekund av Konchellah. Vel ei veke etter VM-finalen presterte Barbosa livsbeste på distansen då han vann ei tevling i Rieti på tida 1.43,08. Under dei olympiske sommarleikane i Barcelona vart han nummer 4 på 800 m, sidan klarte han ikkje nå finalen i VM eller OL.
Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap
- VM 1983 i Helsinki: Utslått i semifinalane (1.48,05=nr 18)
- OL 1984 i Los Angeles: Utslått i semifinalane (1.48,70=nr 15)
- VM 1987 i Roma: Bronsemedalje – 1.43,76
- OL 1988 i Seoul: Nr 6 – 1.46,39
- VM 1991 i Tokyo: Sølvmedalje – 1.44,24, bakom Billy Konchellah (1.43,89)
- OL 1992 i Barcelona: Nr 4 – 1.45,06
- VM 1993 i Stuttgart: Utslått i semifinalane (1.45,92=nr 15)
- VM 1995 i Göteborg: Utslått i kvalifiseringa (1.47,10=nr 21)
- OL 1996 i Atlanta: Utslått i semifinalane (1.30,33=nr 24)
- VM 1997 i Aten: Utslått i kvartfinalane (1.47,30=nr 25)
Remove ads
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «José Luíz Barbosa» frå Wikipedia på engelsk, den 1. juli 2022.
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads