José de Ribera
spansk målar From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
José de Ribera (12. januar 1591–2. september 1652) var ein spansk målar som var aktiv i Napoli under barokken. Den naturalistiske stilen hans påverka framveksten av ein fornya målestil i Napoli, noko som har gjort at føregangsmannen Ribera, elevane hans, samt målarar frå andre verkstader i byen ofte har vorte omtala som den napolitanske skulen.
Remove ads
Liv og gjerning

Ribera var fødd i Játiva i provinsen Valencia, og utdanna seg deretter hos målaren Francisco Ribalta i byen Valencia. I vaksen alder, kringom 1610-11, flytta han til Italia. I Roma studerte han verka til Rafael og Annibale Carracci og i Parma og Modena arbeida til Antonio da Correggio. Han slo seg ned i Napoli og lærde av Caravaggio sine bilete. Av denne målaren vart han påverka av den dramatiske behandlinga av lys og skugge i måleria til både Caravaggio og etterfylgjarane hans.
Grunna framstillinga av helgenen Bartolomeus sine piner, fekk Ribera oppdrag som hoffmålar hos hertugen av Osuna. I 1630 fekk han medlemskap i i San Luca-akademiet i Roma, og i 1644 vart han tildelt Kristusordenen av paven.
Ribera er ved sidan av Caravaggio den viktigaste naturalisten i den napolitanske målarskulen, hans chiaroscuro er av ypparste merke. Framsyningar av det redselsfulle og det gruale møter ein i mykje av kunsten hans. Han la sin elsk på brystbilete av gamle, beinete eremittar, helgenar mm.
Ribera døydde i Napoli i 1652.
Remove ads
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Jusepe de Ribera» frå Wikipedia på tysk, den 6. juli 2012.
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads