Joséphine de Beauharnais

From Wikipedia, the free encyclopedia

Joséphine de Beauharnais
Remove ads

Joséphine de Beauharnais (23. juni 176329. mai 1814) var gift med Napoleon I og var fransk keisarinne 1800-10.

Remove ads

Liv og gjerning

Marie Josèphe Rose Tascher de la Pagerie var fødd på Martinique, der faren var plantasjeeigar. I 1779 flytta ho til Frankrike og vart der straks etter gift med den franske adelsmannen Alexandre de Beauharnais. Under den franske revolusjonen vart i 1794 begge ektemakane, fyrst mann og så kone, fengsla under Skrekkveldet. Beauharnais vart avretta, medan Joséphine vart sett fri etter Maximilien Robespierre fall frå makta.

Enka Joséphine de Beauharnais, som hadde to born, skaffa seg elskarar heilt til topps i den franske statsstyringa, mellom dei Paul Jean Barras og den unge generalen Napoleon Bonaparte. Våren 1796 vart ho gift med Napoleon. Dei vart ikkje foreldre og vart skilde i 1810.

Remove ads

Etterkommarar

Mellom barnebarna hennar var den svensk-norske dronninga Josefine som var gift med Oskar I av Sverige og Noreg.

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads