Martinique

franske departement From Wikipedia, the free encyclopedia

Martinique
Remove ads

Martinique er ei øy i Antillane i det karibiske havet og eit collectivité territoriale unique i Frankrike. Øya ligg om lag 450 nordaust frå den søramerikanske kysten og 700 km søraust frå Den dominikanske republikken.

Kjappe fakta Land, Hovudstad ...
Remove ads

Historie

Karibane heldt til på øya fram til 1600-talet, då dei blei utrydda gjennom innført sjukdom, konflikt med europearar og assimilasjon.[1] Franske styrkar okkuperte øya i 1660. Etter dette har Martinique vore ei franskstyrt øy folkesett av franskmenn og kreolar, bortsett frå tre korte periodar med framand okkupasjon. Martinique var ein fransk koloni fram til 1946, då ho fekk status som oversjøisk département («fylke»).

Franskmennene grunnla mange plantasjar på øya, der dei med hjelp av slavearbeid dyrka mellom anna sukkerrøyr, kaffi og kakao og produserte rom. Slaveriet blei avskaffa i 1848. Avgjerda, som kom frå Paris, skulle gjelda frå 27. april det året, men då slavane fekk høyra om det gjorde dei opprør slik at frigjeringa kom allereie 23. april.

Den 8. mai 1902 hadde vulkanen Pelée eit stort utbrot som øydela byen St. Pierre. Over 30 000 blei drepne.[1] Den einaste innbyggjaren som overlevde var den fengsla Ludger Sylbaris, som blei verna av dei tjukke veggene i cella si.

Remove ads

Kultur og kjende folk tilknytte Martinique

Martinique er kjend som den intellektuelle øya blant Antillane. Ei rekke viktige forfattarar har kome derfrå, og mange kunstnarar har funne inspirasjon på øya. Martinique er òg opphavsstaden til musikkstilen zouk, som utvikla seg på 1980-talet.

Thumb
Landskap på Martinique måla av Paul Gauguin i 1887.

Øya har mellom anna fostra forfattarane Aimé Césaire, René Maran, Édouard Glissant, Raphaël Confiant og Patrick Chamoiseau. Målaren Paul Gauguin og forfattarane Jean-Baptiste Labat (Père Labat), Lafcadio Hearn, André Breton, Saint-John Perse har vitja henne.

Joséphine de Beauharnais som seinare gifta seg med Napoleon Bonaparte og blei keisarinne av Frankrike blei fødd på øya i 1763. Foreldra hennar var plantasjeeigarar.

Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads