Joseph Wright of Derby

From Wikipedia, the free encyclopedia

Joseph Wright of Derby
Remove ads

Joseph Wright (fødd 3. september 1734 i Derby i England, død 29. august 1797 same stad) var ein engelsk landskaps- og portrettmålar — han er vorte kjend som «den første profesjonelle målaren som uttrykte ånda i den industrielle revolusjonen.[1]

Kjappe fakta
Thumb
Joseph Wriight: Alkymisten leitar etter dei vises stein, 1771
Remove ads

Liv og gjerning

Han var fødd i Irongate i Derby i England, faren var advokat. Då Wright hadde bestemt seg for å bli målar, drog han til London i 1751 og studerte i to år under Thomas Hudson, læremeisteren til Joshua Reynolds. Etter å ha måla portrett ei stund i Derby, arbeidde han som assistent for Hudson i femten månader. Han slo seg så ned i Derby og arbeidde med portrett med klår chiaroscuro i kunstig ljos, som namnet hans er assosiert med, og med landskapsmåleri.

Wright gifta seg i 1773, og på slutten av året vitja han Italia, der han vart til 1775. Medan han var i Napoli, vart han vitne til eit vulkanutbrot frå Vesuv, som vart motivet til mange av dei følgjande måleria hans. På tilbakevegen frå Italia etablerte han seg i Bath som portrettmålar. Etter ei tid gjekk han lei og vende tilbake til Derby, der han levde resten av livet.

Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads