Jozef Pribilinec

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Jozef Pribilinec (fødd 6. juli 1960) er ein slovakisk tidlegare friidrettsutøvar som vart europameister 1986 og olympisk meister 1988 i 20 km kappgang. Han representerte Tsjekkoslovakia og vann elles to VM-sølv og eitt EM sølv på same distansen.

Kjappe fakta

Pribilinec tok sølvmedaljen i 20 km ved Friidretts-EM 1982, ei tevling som José Marín frå Spania vann. Året etter tok Pribilinec eit nytt sølv då den fyrste verdsmeisterskapen i friidrett fann stad i Helsinki, 10 sekund bak meksikanaren Ernesto Canto.

I 1986 vann Pribilinec gullmedaljen ved europameisterskapen i Stuttgart, etter eit tett og drabeleg oppgjer mot Maurizio Damilano frå Italia, i mål skilde det dei to sekundar. Under verdsmeisterskapen 1987 revansjerte Damilano seg og vann gullmedaljen framfor Pribilinec. Ved dei olympiske sommarleikane 1988 vann Pribilinec gullmedaljen på 20 km på rekordtida 1.19.57, tre sekundar føre Ronald Weigel frå Aust-Tyskland og med Damilano på tredjeplassen.

Remove ads

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap

Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads