Judea- og Samaria-området
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Judea og Samaria (hebraisk אֵזוֹר יְהוּדָה וְשׁוֹמְרוֹן, Ezor Yehuda VeShomron, òg akronymet יו"ש Yosh eller ש"י Shai; arabisk يَهُوذَا وَالسَّامِرَةِ, Yahuda was-Sāmerah) er dei historiske bibelske namna på området som no generelt vert kalla Vestbreidda.[1] Judea- og Samaria-området er òg eit Israelsk administrativt distrikt, i Område C på Vestbreidda, utanom Aust-Jerusalem.[2]
Remove ads
Remove ads
Status
Judea- og Samaria-området vert administrert av Det israelske forsvaret sin sentralkommando og militærlov gjeld i området. Dei administrative avgjerslene vert teken av øvstkommanderande. Framtida til regionen er ein nøkkelfaktor i den pågåande israelsk-palestinske konflikten.
Vestbreidda (inkludert Aust-Jerusalem) og Gazastripa vert rekna som okkuperte palestinske territorium av Dei sameinte nasjonane,[3][4] Den internasjonale straffedomstolen, Den europeiske unionen,[5] og ikkje-statlege organisasjonar som Amnesty International,[6] Human Rights Watch,[7] og B'Tselem.[8][9]
Remove ads
Administrative inndelingar
Området er vidare delt inn i åtte militære administrative regionar: Menashe (Jenin-området), HaBik'a (Jordandalen), Shomron (Shechem-området, på arabisk kalla Nablus), Efrayim (Tulkarm-området), Binyamin (Ramallah/al-Bireh-området), Maccabim (Maccabim-området), Etzion (Betlehem-området) og Yehuda (Hebron-området).
Kommunar
Remove ads
Sjå òg
- Staten Judea
- Israelskokkuperte territorium
- Våpenkvileavtalen i 1949
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads