Jugendstilsenteret

From Wikipedia, the free encyclopedia

Jugendstilsenteret
Remove ads

Jugendstilsenteret er eit formidlingssenter for jugendstil som ligg i den gamle apotekergården like ved Brosundet i Ålesund. Bygget er teikna av arkitekten Hagbarth Schytte-Berg og oppført mellom 1905-07. Det var det første jugendstilhuset som blei freda i Ålesund (1984) og inneheld i dag Ålesunds best bevarte jugendstilinteriør. Senteret vart opna i 2003. Det nyttar både moderne multimedieutstillingar og viser meir tradisjonelle gjenstandsutstillingar.

Kjappe fakta Stil, Jugendstilsenteret 62.47101°N 6.15109°E / ...
Remove ads

Utstillingar

Jugendstilsenteret er eit formidlingssenter og museum som både nytta moderne multimedieutstillingar og viser meir tradisjonelle gjenstandsutstillingar. I utstillinga Fra aske til jugendstil kan ein ta ein tidsmaskin tilbake til bybrannen i Ålesund 1904 og gjennom to multimedieprogram kan ein læra meir om brannen og gjenoppbygginga av jugendstilbyen. Utstillinga Håndverk og arkitektur kan ein læra meir om gammalt handverk og sjå ulike arkitekturmodellar. Multimedieprogrammet Den nye kunsten fortel om jugendstil i Noreg og i Europa. I gjenstandsutstillinga Den vakre jugendstilen kan ein sjå kunst og kunsthandverk frå perioden.

Remove ads

Tusenårsstad

Jugendstilsenteret er tusenårsstad for Møre og Romsdal.

Galleri

Bakgrunnsstoff

Commons har multimedium som gjeld: Jugendstilsenteret


Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads