Jugendstil

From Wikipedia, the free encyclopedia

Jugendstil
Remove ads
Remove ads

Jugendstil eller berre «Jugend» er ei tysk nemning på ein stilart som vart utvikla frå kringom 1890 og hadde si blomstringstid fram til 1914). «Art Nouveau» er ei tilsvarande internasjonal fransk nemning som tyder «den nye kunsten». Stilarten kan ein finna både i Europa og i Sambandsstatane. Nemninga som er mest brukt i Noreg er jugendstil. Arkitektane Hagbart Schytte-Berg, Jens Zetlitz Monrad Kielland og andre arkitektar som deltok i gjenoppbygginga var utdanna i Tyskland og tok med seg jugendstilen (art nouveau) heim. Jugendstil er ikkje ein klar og eintydig stil, den hadde mange geografiske variantar og var inspirert av lokale stilimpulsar. I Noreg vart til dømes motiv frå mellomalderenes treskurd brukt i dekorative detaljar. Ofte finn ein jugendstil berre i dekorative detaljar medan bygget i hovudsak er utforma i nybarokk tradisjon.[1]

Thumb
Alfons Mucha:Gismonda, plakat frå 1894
Thumb
Jugendstil i ei dør i Norrköping.

Ordet «jugendstil» kjem frå det tyske illustrerte kulturtidsskriftet «Die Jugend», og nemninga er mest nytta i tysktalande land. Det tyske ordet «Jugend» tyder 'ungdom'. Den norske jugendstilen har mykje sams med den tyske. Ålesund by er kjend for sin jugendstil. Særleg er Ålesund kjend på grunn av arkitekturen, Jugendstilsenteret ligg i Ålesund.

Jugendstilen fjerna seg frå føregåande stilartar der det var vanleg å etterlikna; såkalla nygotikk, nyrokokko, nyrenessanse]] og nybarokk. Den nye stilen dyrka det moderne og ungdommelege som skulle passa den nye tida folk levde i. Mange av motiva kom frå naturen, men dei var stiliserte og forenkla.

Remove ads

Kjende målarar, teiknarar og grafikarar

Bakgrunnsstoff

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads