Jukka Piironen
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Juho Ensio Piironen, kjend som Jukka Piironen, (11. august 1925–5. mars 1976) var ein finsk friidrettsutøvar frå Leppävirta. Han tevla fremst i stavhopp, men òg i tikamp.
Remove ads
Aktiv
Piironen vann bronsemedaljen i stavhopp ved EM i friidrett 1950 i Brussel med eit hopp på 4,25 meter, jamt med landsmannen Valto Olenius som tok sølv, svensken Ragnar Lundberg vart europameister med 4,30 m. Under Sommar-OL 1952 på finsk heimebane mislukkast Piironen heilt i finalen og hamna på 18. plass med 3,80 m. I 1954 kom han på delt bronseplass ved europameisterskapen i Bern. Med personleg rekord på 4,30 meter enda han 10 cm under landsmannen Eeles Landström som vann gull. Fyrste påskedag 1956 tok Piironen seg over 4,32 m ved eit innandørs-stemne i Helsinki.
Remove ads
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Jukka Piironen» frå Wikipedia på finsk, den 23. august 2020.
Bakgrunnsstoff
- «Jukka Piironen» (på engelsk). Olympedia.
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads