Juleoratorium

From Wikipedia, the free encyclopedia

Juleoratorium
Remove ads

Juleoratorium (tysk Weihnachtsoratorium) er namnet på eit sakralt musikkverk som fortel den bibelske soga om Jesu fødsel (Luk. 2, Matt. 2) i form av eit oratorium. Juleoratoriet oppstod innan protestantisk kyrkjemusikk på 1600-talet, og mest kjent er Bachs juleoratorium (ofte berre kalla «juleoratoriet») frå 1734-1735.

Thumb
Idsteiner Kantorei framfører Bachs juleoratorium.
Fyrste delen av Bachs juleoratorium, «Jauchzet, frohlocket, auf, preiset die Tage», framført av Stellar Brass of the United States Air Force Academy Band.

Dei første oratoria heldt seg til evangelietekstane. Etter kvart vart dramatiske element meir tydelege, og det musikalske formspråket vart rikere.

Ved sida av Bachs juleoratorium finst det juleoratorium skrivne av bl.a.:

  • Rogier Michael (1602)
  • Thomas Selle
  • Heinrich Schütz (Historia der Geburt Christi, 1660)
  • Johann Schelle (Actus Musicus auf Weyh-Nachten, 1683)
  • Georg Philipp Telemann (1759)
  • Camille Saint-Saëns (Oratorio de Noël, 1858)
  • Richard Wetz (Ein Weihnachts-Oratorium auf Alt-Deutsche Gedichte, 1929)
  • Wilhelm Hohn
  • Johan Evje: Juleoratorium[1]
  • Kjell Mørk Karlsen: Juleoratorium, op. 57, O magnum mysterium[2]
  • Fredrik Sixten: Ett svenskt juloratorium, 2009
  • James MacMillan: Christmas Oratorio, 2019
Remove ads

Kjelder

Litteratur

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads