Juletrefot
Objekt utforma for å halde juletre oppreist From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Remove ads
Ein juletrefot er ei innretning som held eit juletre ståande. Ein slik haldar kan vera laga av tre, metall eller plast. Juletrefoten skal halda treet stødig, samstundes som han skal vera liten nok til at ein kan gå rundt treet. Han kan også innehalda vatn som treet kan suga opp.

Juletrefoten er blitt tillagd kristen symbolikk ved det at han opphavleg gjerne var laga av to krosslagde plankebitar.
Juletreføter for kunstige tre treng ikkje innehalda vatn, men kan ha andre roller. Føter for aluminiumsjuletre kan til dømes vera farga, gjennomskinnelege hjul som ved gjennomlysing kasta fargar på metallgreinene til treet.[1] Nokre gonger kunne denne også rotera og slik endra fargane.[2]
Remove ads
Utformingar
- Smidd juletrefot med tre føter.
- Juletrefot av metall med tre føter.
- Amerikansk juletrefot frå 1919 med reservoar for vatn.
- Krukkeforma juletrefot
- Rund juletrefot av plast
- Dekorativ juletrefot som framstiller Jesusbarnet, Christkind.
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads