Julia Gillard

From Wikipedia, the free encyclopedia

Julia Gillard
Remove ads

Julia Eileen Gillard (fødd 29. september 1961) er ein australsk arbeidarpartipolitikar som var statsminister i Australia frå 2010 til 2013. Ho var Australias første kvinnelege statsminister og den første utanlandsfødde statsministeren sidan Billy Hughes.[1][2][3]

Kjappe fakta Fødd, Statsborgar av ...
Remove ads

Bakgrunn

Gillard er dotter av ein walisisk kolgruvearbeidar, og har Aneurin Bevan som eit politiske førebilete.[4]

Familien emigrerte til Australia i 1966 for å la Julia vekse i eit varmare klima på grunn av at ho hadde astma.[5] Dei busette seg i Adelaide. I 1978 vart Gillard uteksaminert frå Unley High School. Deretter studerte ho ved University of Adelaide før ho byrja studere kunst og juss ved University of Melbourne. Ho vart uteksaminert i 1986.

I 1987 byrja Gillard i advokatfirmaet Slater & Gordon i Werribee i Victoria, der ho arbeida innanfor arbeidsrett.[6] I 1990, då ho var 29 år, vart ho partnar i advokatfirmaet.[7]

Remove ads

Politisk virke

Gillard vart første gong vald inn i det australske parlamentet frå ein krets i Melbourne i 1998 og seinare gjenvald i 2001, 2004 og 2007.[8]

I 2006 vart Julia Gillard vald til nestleiar for Australian Labor Party og 24. juni 2010 vart ho leiar, etter at statsminister Kevin Rudd trekte seg som følgje av leiarstriden i partiet.[9]

Ho vant valet i Australia 2010 og vart statsminister. 26. juni 2013 tapte ho leiarvalet i partiet mot Kevin Rudd. Ho leverte deretter ein avskjedssøknad som statsminister, og Kevin Rudd overtok stillinga 27. juni 2013.

Remove ads

Referansar

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads