Julia Roberts
amerikansk skodespelar From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Julia Fiona Roberts (fødd 28. oktober 1967) er ein amerikansk skodespelar. Ho vart først kjend etter å ha spelt i den romantiske komedien Pretty Woman saman med Richard Gere. Sidan den gong har ho spelt i fleire kjende filmar, motteke ei rekkje prisar, og vorte blant dei best betalte skodespelarane i Hollywood.
Remove ads
Remove ads
Bakgrunn
Roberts vart fødd i Smyrna i Georgia 28. oktober 1967.[1][2] Foreldra skilde seg i 1972, då Roberts var 5 år gammal. Faren hennar, Walter Grady Roberts, jobba som ein støvsugarseljar og skodespelar. Mora, Betty Lou Bredemus, jobba som sekretær i ei kyrkje i tillegg til at ho var skodespelar. Mora gifta seg igjen med ein annan mann, medan faren døydde av kreft fire år seinare.
Som ung ville Roberts bli veterinær. Men etter at ho var ferdig på Smyrnas Campbell High School drog ho til søstera si i New York for å utvikla seg som skodespelar. I New York byrja ho som modell for Clicks modelling samtidig som ho tok skodespelartimar.
Remove ads
Privatliv
Roberts var forlova med skodespelaren Kiefer Sutherland ei tid.[3][4] Den 25. juni 1993 gifta ho seg med countrysangeren Lyle Lovett i St. James Lutheran Church i Marion i Indiana.[5] Dei vart separerte i mars 1995 og seinare skilde.[6] Roberts hadde eit tilhøve til skodespelaren Benjamin Bratt frå 1998 til 2001.[7]
Roberts møtte den kommande ektemannen sin, kameramannen Daniel Moder, under innspelinga av filmen Meksikaneren i 2000. Ho var då i eit forhold med Bratt, medan Moder var gift med Vera Steimberg. Han søkte om skilsmisse litt over eit år seinare. Roberts og Moder gifta seg 4. juli 2002 på ranchen hennar i Taos i New Mexico.[8] Dei har tre barn saman: tvillingene Hazel Patricia og Phinnaeus «Finn» Walter Moder (fødd 28. november 2004)[9] og Henry Daniel Moder (fødd 18. juni 2007).[10]
Magasinet People har kåra Roberts til ei av dei 50 vakraste kvinnene i verda åtte gonger.
Remove ads
Filmografi
Treng oppdatering |
År | Norsk tittel | Original tittel | Rolle |
2009 | Duplicity | Duplicity | Claire Stenwick |
2008 | Fireflies in the Garden | Fireflies in the Garden | Lisa Lawrence-Taylor |
2007 | Charlie Wilson's War | Charlie Wilson's War | Joanne Herring |
2006 | Charlottes tryllevev | Charlotte's Web | Edderkoppen Charlotte A. Cavatica |
2006 | Maurbølla | The Ant Bully | Hova |
2004 | Ocean's Twelve | Ocean's Twelve | Tess Ocean |
2004 | Closer | Closer | Anna |
2003 | Mona Lisa Smile | Mona Lisa Smile | Katherine Ann Watson |
2002 | Confessions of a Dangerous Mind | Confessions of a Dangerous Mind | Patricia Watson |
2002 | Full Frontal | Full Frontal | Catherine/Francesca |
2002 | Grand Champion | Jolene | |
2001 | Ocean's Eleven | Ocean's Eleven | Tess Ocean |
2001 | America's Sweethearts | America's Sweethearts | Kathleen "Kiki" Harrison |
2001 | Meksikaneren | The Mexican | Samantha Barzel |
2000 | Erin Brockovich | Erin Brockovich | Erin Brockovich |
1999 | Runaway Bride | Runaway Bride | Maggie Carpenter |
1999 | Notting Hill | Notting Hill | Anna Scott |
1998 | Side ved side | Stepmom | Isabel Kelly |
1997 | Sammensvergelsen | Conspiracy Theory | Alice Sutton |
1997 | Min beste venns bryllup | My Best Friend's Wedding | Julianne Potter |
1996 | Alle sier "I Love You" | Everyone Says I Love You | Von Sidell |
1996 | Michael Collins | Michael Collins | Kitty Kiernan |
1996 | Mary Reilly | Mary Reilly | Mary Reilly |
1995 | Elsk meg eller stikk | Something to Talk About | Grace King Bichon |
1994 | Den nakne sannhet | Prêt-à-Porter/Ready to Wear | Anne Eisenhower |
1994 | I Love Trouble | I Love Trouble | Sabrina Peterson |
1993 | Pelikan-rapporten | The Pelican Brief | Darby Shaw |
1991 | Hook | Hook | Tinkerbell |
1991 | Kjærlighetens valg | Dying Young | Hilary O'Neil |
1991 | I seng med fienden | Sleeping with the Enemy | Sara Waters/Laura Burney |
1990 | Inn i det ukjente | Flatliners | Rachel Mannus |
1990 | Pretty Woman | Pretty Woman | Vivian Ward |
1989 | Blomster av stål | Steel Magnolias | Shelby Eatenton Latcherie |
1989 | Blood Red | Maria Collogero | |
1988 | Mystic Pizza | Mystic Pizza | Daisy Arujo |
1988 | Satisfaction | Daryle |
Prisar
- 1990: Golden Globe: Beste kvinnelege birolle i filmen Steel Magnolia sin
- 1991: Golden Globe: Beste kvinnelege skodespelar i ein komede; Pretty Woman
- 2000: Oscar, BAFTA, Golden Globe, National Board of Review Award og Screen Actors Guild Award for beste kvinnelege skodespelar i filmen Erin Brockovich
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads