Julija Petsjonkina

From Wikipedia, the free encyclopedia

Julija Petsjonkina
Remove ads

Julija Sergejevna Petsjonkina (fødd Julija Nosova, 21. april 1978) er ein russisk tidlegare friidrettsutøvar frå Krasnojarsk som spesialiserte seg på 400 meter hekk. Ho vann VM-gull på 400 meter hekk og i 4x400 meter stafett under VM 2005. Perioden 2001-07 tok ho ein medalje på langhekken i samtleg fire verdsmeisterskapane.

Kjappe fakta
Remove ads

Aktiv

Julija Nosova fekk sitt gjennombrot ved friidretts-VM i Edmonton i 2001, der ho vann sølvmedaljen på 400 meter hekk og sprang andre etappen på Russland sitt bronselag på 4x400 m stafett. To år seinare vart medaljehausten omsnudd i det neste VM i friidrett; i Paris-VM fekk ho sølv på den lange stafetten og bronse på langhekken. Tre veker før meisterskapen i Paris sette ho i Tula verdsrekord på 400 m hekk med 52,34 sekundar, ein rekord som har stått vedlag. Under sommar-OL 2004 vart Petsjonkina nummer åtte og sist i langhekkfinalen.

Petsjonkina vart ein av forgrunnsfigurane under VM i friidrett 2005 i Helsingfors. Ho presterte årsbeste i verda då ho den 13. august vann 400 m hekk på tida 52,90 sekundar. Dagen etter sprang ho startetappen for Russlands lag på 4 x 400 meter stafett. Saman med Olesja Krasnomovets, Natalja Antjukh og Svetlana Pospelova syrgde ho for ein suveren siger til Russland.

I 2007 vann Petsjonkina sølvmedaljen på 400 m hekk under friidretts-VM i Osaka med tida 53,50. Ho la opp i 2009.

Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads