June Caprice

amerikansk skodespelar (1895-1936) From Wikipedia, the free encyclopedia

June Caprice
Remove ads

June Caprice, fødd Helen Elizabeth Lawson, (19. november 18959. november 1936) var ein amerikansk stumfilmskodespelar.[1][2]

Kjappe fakta Fødd, Fødestad ...
Thumb
The Ragged Princess (1916)

Liv og virke

Caprice blei fødd som Helen Elizabeth Lawson i Arlington i Massachusetts og blei utdanna i Boston.[3]

Ho byrja skodespelarkarrieren sin på teater. I 1916 skreiv ho kontrakt med Fox Film Corporation. Dette året leitte produsenten William Fox etter ein «ny Mary Pickford». Om sommaren meinte han at han hadde funne kvinna som ville vera den mest kjende kvinne på skjermen innan seks månader.[4] I pressemeldinga om Caprice frå 1916 blei hevda at ho ein tenåring, «berre litt over 17 år gammal.»[5] Då ho døydde i 1936 blei alderen hennar oppgjeven som 40 år, slik at ho var rundt 20 år gamal ved oppdaginga.[6]

Under kunstnarnamnet June Caprice filmdebuterte ho som Caprice Talbert i Caprice of the Mountains frå 1916.[3] Ein filmkritikar i New York Times sa om henne: «Ho er ung, vakker, grasiøs, lita, med talande gestar som spår ei lys framtid i filmane.» Caprice laga seksten filmar for Fox, halvparten av dei regisserte av Harry F. Millarde. Dei to fekk eit personleg forhold, og gifta seg så.[7]

Caprice forlet filmindustrien for å byrja ei familie, og fødde dottera June Elizabeth Millarde i 1922. Ho skal ha gått tilbake til å arbeida på scenen og som modell, og dukka opp på kalendrar frå Coca-Cola på 1920-talet med eit glas brusande cola. I 1931 døydde mannen hennar, berre førtiseks år gammal. Caprice døydde fem år seinare av hjerteinfarkt i Los Angeles. Ho hadde hatt kreft. Ho blei gravlagd ved Forest Lawn Memorial Park Cemetery i Glendale i California.[8]

Dottera til Caprice var fjorten år gamal då ho blei foreldrelaus, og blei oppseda av besteforeldra sine på Long Island i New York. Ho var arving til ein estimert formue på 3 000 000 dollar.[9] June Millarde blei seinare kjend som skodespelar og modell under namnet Toni Seven.[10]

Remove ads

Filmar

Nøkkel
Tyder ein tapt eller anteken tapt film.
Meir informasjon År, Tittel ...
Remove ads

Kjelder

Bibliografi

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads