Jungel
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Ein jungel er ein tett skog i eit varmt klima, slik som tropisk regnskog. Namnet stammar frå hindi jaṅgal og sanskrit jangala, 'tørt område'.[1]

Ordet «jungel» vert nytta i mange språk på det indiske subkontinentet om tropisk regnskog eller sumpland. Ikkje alle skogar som blir kalla junglar er regnskogar; mange vil nytta ordet jungel om skogane i det nordlege Thailand eller det sørlege Guangdong i Kina, som i vitskapleg forstand er monsunskogar.
Jungel vert òg nytta i omgrep som «jungellov» og «jungeltelegraf», og i overført tyding som «ein jungel av lover og reglar».[2]
Remove ads
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads