Jupiterbreen

From Wikipedia, the free encyclopedia

Jupiterbreen
Remove ads

Jupiterbreen er ein isbre på austkysten av Aleksanderøya i Antarktis, 19 km lang og 9 km brei ved munningen, som flyt aust og ut i George VI Sound til sør for Ablation Valley. Isbreen ligg nord for Planet Heights, og sjølv om Jupiterbreen ikkje ligg i fjellkjeda vart han i lag med andre nærliggande brear kalla opp etter planetar i solsystemet. Det første fotografiet frå lufta vart teken den 23. november 1935 av Lincoln Ellsworth og han vart kartlagt frå desse bileta av W.L.G. Joerg. Han vart grovt kartlagt i 1936 av British Graham Land Expedition (BGLE). Han er kalla opp etter planeten Jupiter av Falkland Islands Dependencies Survey (FIDS) etter kartlegginga deira i 1948 og 1949.

Kjappe fakta Land, Stad ...
Remove ads

Sjå òg

Kjelder

 Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Jupiter Glacier» (innhald frå Geographic Names Information System).


Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads