Saturnbreen

From Wikipedia, the free encyclopedia

Saturnbreen
Remove ads

Saturnbreen er ein isbre som ligg søraust på Aleksanderøya i Antarktis. Isbreen er 28 km lang og 11 km brei, og flyt søraust og ut i George VI-isen i George VI Sound nord for Corner Cliffs. Sjølv om breen ikkje ligg i Planet Heights, har han og nærliggande isbrear fått namn etter planetar av solsystemet. Kysten i nærleiken vart først sett frå lufta av Lincoln Ellsworth den 23. november 1935, og grovt kartlagt frå bilete tekne på denne flyturen av W.L.G. Joerg. Isbreen vart kartlagt i 1949 av Falkland Islands Dependencies Survey (FIDS) og vart namngjeven av UK Antarctic Place-Names Committee (UK-APC) etter planeten Saturn, den sjette planeten i solsystemet.

Kjappe fakta Land, Stad ...
Remove ads

Sjå òg

Kjelder

 Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Saturn Glacier» (innhald frå Geographic Names Information System).


Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads