Jury Chechi

From Wikipedia, the free encyclopedia

Jury Chechi
Remove ads

Jury Dimitri Chechi (fødd 11. oktober 1969) er ein italiensk tidlegare turnar frå Prato. Han var spesialist i ringar, vart i 1996 olympisk meister i øvinga og perioden 1990–1997 fleirfaldig både europa- og verdsmeister.

Kjappe fakta

Chechi vann bronsemedaljen i ringar då Turn-VM 1989 vart avvikla i Stuttgart. Året etter sikra han seg gullmedaljen i same øvinga ved Turn-EM 1990 i Lausanne, der han også la beslag på tredjeplassen i mangekampen. Etter ein ny VM-bronse i 1991, forsvarte han i 1992 EM-tittelen i ringar og han tok ein bronse i frittståande. Skade gjorde at han ikkje deltok i Sommar-OL 1992. Åra 1993, 1994, 1995 og 1996, 1997 vann han ring-øvinga i samtlege fem verdsmeisterskap og dei to europameisterskapane 1994 og 1996. Inn i mellom alle VM-triumfane vann han også under Sommar-OL 1996 gullmedaljen i spesialøvinga. I 2004 kom han tilbake for å delta i Sommar-OL 2004 i Aten, nær 35 år gammal. Han lukkast då å vinne bronsemedaljen i ringar.

Thumb
Jury Chechi i 2012.
Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Commons har multimedium som gjeld: Jury Chechi
Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads