Kálamos

From Wikipedia, the free encyclopedia

Kálamosmap
Remove ads

Kálamos (gresk Κάλαμος) er ei fjellkledd øy i Hellas og Dei joniske øyane. Ho har om lag 350 innbyggjarar på vinterstid, men folketalet aukar kraftig på sommaren. Namnet Kálamos tyder halmstrå på gresk. Tidlegare var øya eigen kommune, men frå 2011 er øya ein del av Levkáda kommune i periferieininga Levkáda i periferien Dei joniske øyane.[2]

Kjappe fakta KálamosLokalt namn Κάλαμος, Geografi ...

Øya er om lag 20 km² stor og det høgaste punktet er 745 meter over havet. Den største busetnaden på Kálamos er hamnelandsbyen Kálamos på austsida av øya med 315nbsp;innbyggjarar i 2021.[1] Frå her går det båtsamband til Mýtikas på fastlandet. er den einaste andre landsbyen på øya med 27 innbyggjarar. Landsbyen Kéfali vart forlaten etter jordskjelvet i 1953, som øydela vassforsyninga, men kyrkja vert framleis nytta.

Tidleg på 1990-talet vart vassystemet ombygd, og i dag har alle husstandane innlagd vatn. Dei siste åra har alle gangstiane vorte oppgradert brulagd. Kálamos var ein gong ei fjern øy utan elektrisitet eller vatn, men har i dag alle fasilitetar som på fastlandet med to butikkar, ein skule, eit legekontor, eit postkontor, bakeri, fleire restaurantar og ein bar.

Remove ads

Referansar

Bakgrunnsstoff

Kjelde

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads