Kåre Conradi

norsk skodespelar From Wikipedia, the free encyclopedia

Kåre Conradi
Remove ads

Kåre Conradi (fødd 11. januar 1972 i Asker) er ein norsk skodespelar. Han er utdanna ved Statens teaterhøgskole og LAMDA i London. Conradi medverka i m.a. West Side Story (som Tony), Hamlet (tittelrolla), Karusell, I hired a contract killer, Stones in his pockets, Skyggen og Pianisten. Conradi var mellom dei kunstnariske leiarane for Torshovteatret i 2000–2003. Han spelte Håkon Håkonsen i KongsemnerneDet Kgl. Teater i København. I 2003 vart Conradi m.a tildelt Radioteatrets Blå Fugl for Ibsens Kjærlighedens Komedie. Han spelte Higgins i My Fair Lady i 2003. Kåre Conradi var forlovar for Ari Behn og fadder då Maud Angelica Behn vart døypt i 2003. I 2006 hadde han ei rolle i TV-serien Gutta Boys. Han er sonen til songaren Fredrik Conradi.

Kjappe fakta

Kåre Conradi var trulova med Marian Aas Hansen i åtte år, men trulovinga vart broten våren 2007. Lene Marlin flytta til London sommaren 2008 etter å ha budd ei tid i Oslo, og stadfesta i eit intervju med Dagbladet i august 2008 at ho og Conradi var sambuarar.[1]

Remove ads

Filmografi

  • 2009 Svik – Svein Nordanger
  • 2008 Kodenavn Hunter
  • 2008 Den siste revejakta – Glenn
  • 2008 Wide Blue Yonder – Ben
  • 2006 Gutta Boys (TV-miniserie) – Bjørn Tores far
  • 2005 37 og et halvt Sigurd
  • 2003 SMS – sju magiske sirkler (TV-serie) – Morten
  • 2002 Tiden før Tim (TV-serie)
  • 2001 Fjortis (TV-serie) – Klasseforstandar
  • 1999 Sofies verden – Hamlet
  • 1998 1732 Høtten – Finken Hartmann
  • 1997 Salige er de som tørster – Henriksen
  • 1997 Blind gudinne (TV) – Erik Henriksen
  • 1997 Dag 1 – Jonas
  • 1997 Hotel Oslo – (TV-miniserie) Kjetil
Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads