Radioteatret
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Radioteateret var ei eining i NRK si kulturavdeling som produserte høyrespel for barn og vaksne. Ho blei oppretta i 1926 og nedlagd i 2021.[1][2]

Bakgrunn og virke
Radioteateret produserte både klassisk og moderne drama, krim og underhaldning. Fram til 2010 blei det òg produsert høyrespel for Lørdagsbarnetimen. I 2021 blei radiosendingane avslutta, men ein skulle framleis leggja ut produksjonar på podkast.[3]
Avdelinga har hatt ei rekke kjende medarbeidarar, mellom anna Nils Nordberg som regissør og tilretteleggjar av kriminaldrama. Ei lang rekkje norske skodespelarar har opptredd ved teateret.
Til saman hadde Radioteatret opp mot 100 000 lyttarar på dei dramatiske produksjonane sine i 2008, medan endå fleire følgde krimsendingane.[4]
Remove ads
Leiarar
- Gunnar Neels-Hansson 1928–1943, 1945–1950
- Jens Gunderssen 1950–1952
- Hans Heiberg 1952–1973
- Gerhard Knoop 1973–1984
- Merete Skavlan 1984–1990
- Nils Nordberg 1990–1991
- Nils Heyerdahl 1991–2011
- Yngvil Kiran 2011–2015
- Gunhild Nymoen 2015–2021
Sjå òg
- Blå Fugl-prisen
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads