Küsnacht
kommune i Sveits From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Küsnacht er ein kommune i distriktet Meilen i kantonen Zürich i Sveits. Kommunen har 13 499 innbyggjarar (2010) og eit areal på 12 km². Kommunesenteret ligg 413 meter over havet, ved nordbreidda av Zürichsjøen, om lag sju kilometer søraust for bysentrum i Zürich.

Thomas Mann busette seg i Küsnacht etter han i 1933 hadde emigrert frå Hitler-Tyskland. I dag er kommunen ein av dei kommunane i distriktet som på folkemunne ber kallenamnet Gullkysten, grunna høge bustadprisar og rikfolk som har eigedomar der.
Kommunen må ikkje forvekslast med kommunen Küssnacht i kantonen Schwyz.
Remove ads
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Küsnacht ZH» frå Wikipedia på tysk, den 6. oktober 2011.
Bakgrunnsstoff
- Offisiell nettstad (tysk)
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads