Kafr Ein

From Wikipedia, the free encyclopedia

Kafr Ein
Remove ads

Kafr Ein (arabisk كفر عين) er ein palestinsk landsby i Ramallah og al-Bireh guvernement, nordvest for Ramallah sentralt på Vestbreidda. I følgje Palestinsk statistisk sentralbyrå (PCBS) hadde Kafr Ein eit folketal på 1 743 innbyggjarar i 2007.[2]

Kjappe fakta Land, Guvernement ...
Remove ads

Historie

Kafr Ein tyder «kjeldelandsbyen». Landsbyen har ti vasskjelder og ti vassreservoar, eit av dei nyleg øydelagd.

Ein trur at det låg ein eldgammal stad på toppen av eit lokalt fjell kalla Haraek. Ein trur Haraek hadde både ei kyrkje og ein moské. I følgje ei lokal segn vart staden øydelagd under krosstoga og den einaste overlevande landsbybuararen kom ned frå fjellet og grunnla Kafr Ein.[3]

Kafr Ein vart styrt av Barghouti-familien gjennom siste halvdelen av det osmanske styret i Palestina, og han låg då i sjeikdømet Bani Zeid.[4]

Den franske oppdagaren Victor Guérin vitja landsbyen i 1870, og skreiv at han «verka ikkje særleg stor.»[5] I 1882 skildra Palestine Exploration Fund i Survey of Western Palestine «Kefr Ain» som ei «lita grend i ei åsside, med forsyningar frå Ain Matrun, dalen i sørvest.»[6]

I ei folketeljing i 1922 utført av Dei britiske mandatstyresmaktene hadde landsbyen, kalla Kufr 'Ain, eit folketal på 376, alle muslimar.[7]

I 1945 var folketalet 550, alle arabarar, medan det samla landarealet var 7 145 mål, i følgje ei offisiell landmåling.[8] Av dette var 4 928 for plantasjar og irrigert land, 724 for korn,[9] medan 19 mål var klassifisert som utbygde område.[10]

Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads