Kafr Kanna

From Wikipedia, the free encyclopedia

Kafr Kanna
Remove ads

Kafr Kanna (arabisk كفر كنا, Kafr Kanā; hebraisk כַּפְר כַּנָּא) er ein arabisk by i Tur'andalen i Galilea, ein del av Nord distrikt i Israel. Han er knytt til landsbyen Kana i Det nye testamentet der Jesus gjorde vatn om til vin.[1] Han hadde eit folketal på 21 967 i 2017.[2]

Denne artikkelen handlar om landsbyen i Israel. For landsbyen i Libanon, sjå Qana.
Kjappe fakta Land, Distrikt ...
Remove ads

Historie

Antikken

Busetnaden Kana var nemnt i Amarnabreva og var kjend i tida då den romersk-jødiske historikaren Josefus levde.

I utkanten av den moderne byen ligg grava til ein av dei jødiske vismennene, rabbinaren Simeon ben Gamliel, nasi (prins) av Sanhedrin, som vart leiar for Det øvste rådet i 50 evt. Grava hans har vore ein viktig, jødisk pilegrimsstad i hundrevis av år.[3][4]

Mellomalderen

Nasir-i-Khusraw vitja landsbyen i 1047 og skildra staden i dagboka si:

« Lenger sør [for Kafar Kannah] ligg ein ås, og på toppen har dei bygd eit fint kloster. Det har ein mektig port, og ggrava til profeten Yunis (Jona) [...] innafor. Nær porten til klosteret ligg ein brunn, og vatnet der er søtt og godt. [...][5] »

Kafr Kanna vart erobra av krossfararar i 1099. I denne tida skreiv Ali frå Herat at ein kunne sjå makamen til Jona, og grava til sonen, i Kafr Kanna. Dette vart òg nemnt av Yaqut al-Hamawi, men han omtalta grava som far til Jona.[5] I august 1254 selde Julian, herskaren i Sidon, landsbyen til Maltesarordenen.[6]

Kring 1300 vart Kafr Kanna skildra som ein stor landsby, der høvdingar for forskjellige stammer budde. Hovudstamma vart kalla Kais al-Hamra («Kais den raude») I følgje krønikaren Al-Dimashqi, høyrte distriktet Buttauf, kalla «den drukna enga», til landsbyen.[5] Al-Dimashqi skreiv vidare at vatnet i dei kringliggande åsane rann inn i området og skapte flaum, og så snart landområdet tørka opp vart det sådd korn.[7]

Osmansk tid

Thumb
Kafr Kanna, 1860[8]

Under Det osmanske riket blømde landsbyen på 1500-talet, sidan han låg langs handelsruta mellom Egypt og Syria. I 1596 vart det registrert 475 muslimske hushaldningar og 96 jødiske hushaldningar, og han var då den sjette mest folkerike busetnaden i Palestina på den tida.[9]

Britisk og israelsk styre

I folketeljinga i 1922, utført av Dei britiske mandatstyresmaktene, hadde Kufr Kenna eit folketal på 1 175; 672 muslimar og 503 kristne.[10]

Thumb
Kafr Kanna på eit postkort frå 1923.

Under den arabisk-israelske krigen i 1948 vart Kfar Kanna erobra av Israel under Operasjon Dekel (15–18. juli 1948).[11] Han vart verande i unntakstilstand til 1966.

I 1968 fekk Kafr Kanna status som lokal kommune i Israel.

Den 30. mars 1976 var ein innbyggjar i Kafr Kanna, Muhammad Yusuf Taha, ein av seks som vart drepne av det israelske forsvaret under Land Day-demonstrasjonane.[12]

Remove ads

Folkesetnad

Innbyggjarane i Kafr Kanna er arabiske israelarar. I 2014 utgjorde kristne rundt 11 % av folkesetnaden.[13][14] Som i mange andre blanda muslimske og kristne byar i området, bur kristne som regel i eldre delar av byen. Kafr Kanna har to gamle bykjernar, der kristne hovudsakleg bur i den eldste og muslimar hovudsakleg i den noko yngre kjernen.[15]

Religiøs tyding

Thumb
Den katolske Bryllaupskyrkja i Kafr Kanna.
Thumb
Den ortdodokse kyrkja vigd heilage Jørgen i Kafr Kanna.

Byen er blitt identifisert av kristne som Kana, staden der Jesus utførte vinunderet ved bryllaupet i Kana (Joh. 2:1–12). Kana er også omtalt som heimstaden til apostelen Bartholomeus, som Natanael av Kana, i Joh 21:2.

Ifølgje Catholic Encyclopedia frå 1914 går identifiseringa Kafr Kanna som Kana tilbake til minst 700-talet, og pilegrimar kunne vitja staden for å minnast vinunderet. Frå 1100-talet blei det vanlegare å plassera Kana i dagens Khirbet Kana, som ligg rundt 8,5 km nordvest for Kafr Kanna. På 1300-talet blei den tradisjonelle tolkinga av Kafr Kanna som Kana sterkare att, og varte ved til moderne tid.[6]

Dei største kyrkjene i Kafr Kanna er den fransiskanske Bryllaupskyrkja og den gresk-ortodokse St Georgkyrkja. Ved den katolske kyrkja er det også bygd eit kapell til Bartolomeus.[16]

Sport

Maccabi Kafr Kanna spelar i dag i Liga Artzit, det tredje liganivået i israelsk fotball.

Sjå òg

  • Arabiske stader i Israel

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads