Kafr Qaddum

From Wikipedia, the free encyclopedia

Kafr Qaddum
Remove ads

Kafr Qaddum (arabisk كفر قدّوم, hebraisk skrift כפר קדום) er ein palestinsk by nord på Vestbreidda, 13 kilometer vest for Nablus og 17 kilometer aust for Qalqilya i Qalqilya guvernement. Av busetnader i området finn ein Jit i aust og Hajjah i sør. I følgje Palestinsk statistisk sentralbyrå (PCBS) hadde byen eit folketal på kring 3 500 innbyggjarar i 2006.[3]

Kjappe fakta Land, Guvernement ...

Før den andre Intifada arbeidde kring halvparten av innbyggjarane i Kafr Qaddum i Israel, medan 20 % arbeidde med landbruk, og 30 % i private og offentlege sektorar. Etter 2002 vart over 75 % av innbyggjarane arbeidslause. Dette har ført til auka utflytting.[4]

Sidan 2003 har vegen mellom Kafr Qaddum og Nablus vore blokkert og reisa er dermed blitt 14 km lengre. Sidan juli 2011 vart det halde demonstrasjonar ein gong i veka for å opne opp att vegen.

Remove ads

Historie

Kafr Qaddum var oppført i 1596 i osmanske skattelister som ein del av Jabal Qubal nahiya i Nablus liwa. Han hadde eit folketal på 19 hushaldningar og to ungkarar, alle muslimar. Landsbybuarane betalte skatt for kveite, bygg, sommaravlingar, oliven, og geiter eller bikubar, og ei presse for oliven eller druer.[5]

I 1858 vart han vitja av den kjende bibelforskaren Edward Robinson[1] og i 1882 skildra «Survey of Western Palestina» landsbyen (kalla Kefr Kaddum) som «ein ganske stor landsby i lågt lende, med brunnar og oliven. Han har eit vakttårn på sida av ein kalksteinsås i aust. Husa er av stein.»[6]

I ei folketeljing i 1922 utført av Dei britiske mandatstyresmaktene hadde Kufr Qaddum eit folketal på 874 innbyggjarar, alle muslimar,[7] og i folketeljinga i 1931, hadde Kafr Qaddum 234 busette hus og eit folketal på 963, igjen alle muslimar.[8]

I 1945 var folketalet 1 240, alle arabarar, med 18 931 mål land, i følgje ei offisiell landmåling.[9] Av dette var 2 945 mål for plantasjar eller irrigertland, 7 184 for korn,[10] medan 69 mål vart utbygd land.[11]

Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads