Kafr Qasim
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Kafr Qasim (hebraisk skrift כַּפְר קָאסִם, arabisk كفر قاسم), òg kalla Kafr Qassem, Kufur Kassem, Kfar Kassem og Kafar Kassem, er ein israelsk-arabisk by som ligg kring 20 km aust for Tel Aviv, nær Den grøne linja mellom Israel og Vestbreidda, i den sørlege delen av «Triangelet» av arabisk-israelske byar og landsbyar. Byen vart kjend for Kafr Qasim-massakren, der israelsk grensepoliti tok livet av 48 sivile den 29. oktober 1956. Den 12. februar 2008 fekk Kafr Qasim bystatus.
Remove ads
Historie
Området har vore folkesett sidan antikken og ein har gjort arkeologiske funn som går attende til romartida. Den moderne byen vart grunnlagd på 1600-talet av innbyggjarar frå den nærliggande landsbyen Mes'ha.[treng kjelde]
Osmansk tid
I 1870, under Det osmanske riket vitja den franske oppdagaren Victor Guérin landsby, som han kalla Kafr Kasim. Han fann staden å vere «ein eldgamal by, som cisternene og steinhaugane utafor dagens landsby syner».[2] Landsbyen hadde kring fire hundre innbyggjarar.[3]
I 1882skildra Palestine Exploration Fund i Survey of Western Palestine landsbyen som ein mellomstor landsby, hovudsakleg av adobe, på ein låg ås i ope lende. Ei grav skore ut berget låg sør for landsbyen.[4]
Palestinamandatet
I 1917 under fyrste verdskrigen vart Kafr Qasim (i lag med resten av omrdet) erobra frå det herskande osmanske riket av den britiske arméen og vart seinare ein del av Palestinamandatet.
Etter 1948
Kafr Qasim er kjend som staden der det israelske militæret ikkje kom lenger fram under den arabisk-israelske krigen i 1948. I 1949 annekterte Israel byen i samband med våpenkvileavtalen, som enda krigen.
Kafr Qasim vart kjend på grunn av massakren som vart utført av det israelske grensepolitiet (MAGAV) den 29. oktober 1956, då 49 sivile personar vart skotne. Massakren er framleis eit ope sår mellom landsbybuarane og resten av det israelske samfunnet.[treng kjelde]. I 1959 fekk byen status som lokal kommune.
I nyare år er byen kjend som staden der sjeik Abdullah Nimar Darwish starta Den islamske rørsla.
Remove ads
Demografi
I folketeljinga i 1931 hadde Kafr Qasim 241 busette hus og eit folketal på 989 muslimar.[5]
I følgje Israelsk statistisk sentralbyrå hadde byen 21 100 hovudsakleg muslimske innbyggjarar mot slutten av 2012.[6]
Sjå òg
- Arabiske stader i Israel
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads