Kafr Shams
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Kafr Shams (arabisk كفر شمس, òg skrive Kfar Shams eller Kafr ash-Shams) er ein liten by sør i Syria som administrativt høyrer til Al-Sanamayn-distriktet i Daraa guvernement. Han ligg 16 km nordvest for al-Sanamayn, like aust for Golanhøgdene og mellom Damaskus og Daraa. I 2004 hadde Kafr Shams i følgje Statistisk sentralbyrå i Syria eit folketal på 12 435.[1]
Remove ads
Historie
Kafr Shams opplevde kraftig veks under bysantinsk styre, særleg under regjeringstida til Justinianus I av Austromarriket, hovudsakleg store hus på landsbygda.[2] Byen vart dominert av ghassanidane, eit arabisk kristent vasall-kongedøme under bysantinarane. Ghassanidane bygde eit stort monofysittistisk kloster der kring 570 evt.[3]
I 1870-åra rapporterte Palestine Exploration Fund at Kafr Shams hadde 600 muslimar som levde i 120 til 130 hus. Dei noterte seg eldgamle ruinar og underjordiske bogar i landsbyen og to ghassanidiske kloster var framleis stort sett intakt.[4]
Under Yom Kippur-krigen i 1973 var Kafr Shams åstad for kampar mellom den israelske hæren og ein samla styrke frå den jordanske, irakiske og syriske hærane.[5]
Mange av innbyggjarane i Kafr Shams har delteke i demonstrasjonane mot den syriske regjeringa som ein del av den syriske borgarkrigen.[6]
Remove ads
Kjelder
Sjå òg
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads