Kafr ad-Dik

From Wikipedia, the free encyclopedia

Kafr ad-Dik
Remove ads

Kafr ad-Dik (arabisk كفر الديك) er ein palestinsk by som ligg 9,5 kilometer vest for Salfit i Salfit guvernement, nord på Vestbreidda og åtte kilometer aust for Den grøne linja. I følgje Palestinsk statistisk sentralbyrå (PCBS) hadde hadde byen eit folketal på 4 453 i 2007.[2][3]

Kjappe fakta Land, Guvernement ...
Remove ads

Kring 70% av familiane i Kafr ad-Dik er avhengige av jordbruk som hovudnæring, medan 30 % arbeider i privat eller offentleg sektor. Arbeidsløysa i byen er 60 %.[4]

Remove ads

Historie

Då Guérin vitja landsbyen i 1870 skreiv han at husa var bygde frå raud- og kvit mursteinar, som i Deir Ghassaneh og Beit Rima.[5] I 1882 skildra «Survey of Western Palestina» landsbyen som «mellomstor i ei åsside, og ein eldgammal stad med graver hogde ut i stein i aust.»[6]

I ei folketeljing i 1922 utført av Dei britiske mandatstyresmaktene hadde Kufr al-Dik eit folketal på 487, alle muslimar,[7] noko som auka i folketeljinga i 1931 til 655 personar, framleis alle muslimar, i 139 hus.[8]

I 1945 var folketalet 870 medan det samla landarealet var 15 308 mål, i følgje ei offisiell landmåling.[9] Av dette var 2 075 for plantasjar og irrigert land, 2 603 for korn,[10] medan 58 mål var klassifisert som utbygde område.[11]

Thumb
Demonstrasjon mot israelsk tjuveri av landområde i Kufr ad-Deek i Palestina i februar 2012.
Remove ads

Kjelder

Loading content...

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads