Kafr al-Labad
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Kafr al-Labad (arabisk skrift كفراللبد) er ein palestinsk landsby i Tulkarm guvernement nordaust på Vestbreidda, 9 kilometer aust for Tulkarm og to kilometer sør for Anabta. Folketalet i 2007 var 4 074 i følgje Palestinsk statistisk sentralbyrå.[1] Han har eit areal på 11 917 mål, der 25 % vert nytta til jordbruk. Dei viktigaste avlingane frå landsbyen er oliven, frukt og kveite.[2]
Remove ads
Historie
Tidleg under Det osmanske riket i 1596, var Kafr al-Labad ein del av Qaqun nahiya, som høyrte til den større Nablus sanjak. Han hadde eit folketal på 57 hushaldningar.[3]
I 1995 konfiskerte det israelske militæret kring 200 mål av landområdet til Kafr al-Labad for å forstørre den nærliggande israelske busetjinga Avnei Hefetz.[4] I alt er kring 355 mål av områda til Kafr al-Labad blitt overført til Avnei Hefetz, medan 20 mål er konfiskert av busetjinga Einav.[2]
Remove ads
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads