Kaimanawa-fjella

From Wikipedia, the free encyclopedia

Kaimanawa-fjella
Remove ads

Kaimanawa-fjella (engelsk Kaimanawa Range eller Kaimanawa Ranges) er ei fjellkjede som ligg sentralt på NordøyaNew Zealand i regionen Manawatu-Wanganui. Ho strekkjer seg 50 km i nordaustleg-sørvestleg retning gjennom for det meste gjennom ubygd land til sør for innsjøen Lake Taupo, på austsida av «Øydemarksvegen» (Desert Road). Åssidene dannar delar av det vulkanske platået på Nordøya.

Kjappe fakta Land ...

Landområda kring fjellrekkja er tilvakse med kratt og av dårleg kvalitet i vest, der det aude området Rangipo Desert ligg. Store delar av dette området vert nytta av den newzealandske hæren som øvingsområde. Mot aust er jordsmonnet meir grøderikt, men landskapet er svært ulendt.

Spesielt for Kaimanawa-fjella er kaimanawa-hestar, ville etterkomarar av tamme hestar som går fritt i åsane. Til skilnad frå dei fleste fjellrekkjer på New Zealand, er mykje av Kaimanawa Range oppdelt og i privat eige.

Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads